9

               Henden Sport og Fritid                             Henden Sport og fritid                       

      

 

 

 

  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

18.03.2014

 

No er den nye sida til Sandane Sykkelklubb lansert!

 

 

 

 

www.sandanesk.no

 

 

 

Innhald på www.eidsfossensykkel blir no ikkje lengre oppdatert

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

 

 

14.03.2014

Bestilling av drakter

På grunn sprengt kapasitet på bestillingsweben hos Trimtex, så anbefalte dei at vi gjorde ei fellesbestilling på klede for å få kleda raskara. Pr no er det 1 måned ekstra ventetid på klede som er bestilt på web. Dette har med den individuelle pakkinga å gjere.

Neste veke får vi prøvekolleksjon som ein kan prøve ut rett størrelse.  Kjem tilbake med korleis vi skal administrere prøvinga. 

Det er særs viktig at folk prøver kleda no, slik at vi får bestilt varene så fort som mogleg. Det er 5 veker leveringstid.

 

 

13.03.2014

Gran Canaria

Foto

Følg med på våre venner på treningsleir. Referat frå øktene finn du her. Bildene ligg her

 

11.03.2014

Treningsleir Gran Canaria

Idag reiser ein gjeng frå Sandane Sykkelklubb til Gran Canaria for å samle kilometer til årets sesong. Dei skal vere der ei veke. Føl med på Strava for å sjå kor turane har gått og så vil dei sikkert legge ut korte referat på forumet. Vi ynskjer dei god tur!

 

10.03.2014

Medlemskontigent 2014

Årsmøtet vedtok at medlemskontigenten skal vere uendra frå tidlegare år. Satsane er som følgjer:

Familiepris kr. 300.

Famile inneber inntil 2 vaksne med ubegrensa antal barn tom. det året dei fyller 18

Enkeltmedlem vaksen kr. 200

Enkeltmedlem barn/ungdom kr. 100 (tom. det året dei fyller 18)

Støttemedlem kr. 100

Medlemane kan dermed Innbetale aktuell sum for medlemskap i Sandane Sykkelklubb til kontonr. 3705.07.87428.

Nye medlamar må i tillegg sende e-post til obtveit@online.no med namn og fødselsår på alle innmelde medlemar. Oppgje i same e-post namn på hovudmedlem og e-postadresse og mobiltelefonnr til vedkomande.

 

Årsmøtet

Årsmøtet vart halde på Gloppebua på søndag kveld. Styret fortset med dei same som førre år. Einaste nye namn er Jørn Lothe som no sit i valnemda ilag med Henry. 

Etter årsmøtet hadde vi mellom anna diskusjonar rundt fellestreningane, klubbmeisterskap, Eidsfossen Grand Prix og Nordfjordrittet. Det vart diskutert om vi skulle endre klubbmeisterskapet. Det var semje å fortsette med Eidsfossen Grand Prix som ei av øvingane. Då er det den same løypa som vi har hatt dei fleste åra som gjeld. Når det gjeld det tradisjonsrike Eidsfossen Grand Prix-arrangementet, så vil vi flytte start/mål til området rundt Trebohus/Nomil.

Det var og semje om å bruke eit av dei lokale motbakkeritta som erstatning for motbakkerittet Dimma Opp. Skarsteinsætra Opp og Kleiva Opp vart nemt.

Fellestreningane startar opp 1.april. Liste ligg i menyen til venstre. Herretreningane er kl 18:00 på tysdag, torsdag og sundag. Vi fortset med opplegget med kaptein på kvar trening. Kapteinen har som oppgåve å leia treninga på ein trygg og sikker måte og som er tilpassa dei oppmøtte. Nærare detaljar om dette kjem seinare.  Dametreningane er ikkje satt opp enno,men vil bli lagt ut på menyen til venstre så fort det er klart.

 

Nytt frå Nordfjordrittet

Arrangementstaben jobbar på. Vi har hatt eitt fysisk møte på nyåret, og ein del korrespondanse føregår via e-post. Vi leiger i år inn folk frå Harbagg IL, Veten IL, Stryn Sykkelklubb, Olden, Breimsbygda Sykkel og Fjellhug Vereide IL som løypevakter rundt fjorden. Arbeidet med å skaffe sponsorar har pågått lenge, og vi har gjort avtalar som sikrar at arrangementet vil gå bra økonomisk også i år. Vi har vore på eit møte på Folkehøgskulen for å sjå på forholda der. Opplegget der blir mykje det same som i fjor, men speakerteneste/resultatservice blir flytta til målområdet ved gravplassen. Tidtakarsystem er bestemt og bestilt, inkl ein person som skal styre dette. Dette siste er ein økonomisk tung del av arrangementet.

 

Det blir først og fremst sekretariat på Folkehøgskulen og på Lote, løpande administrasjon av sjølve rittet undervegs, matservering, premiering, opp- og nedrigging, personale i følgebilar/MC, skilting frå Olden til mål, oppsetjing/nedtaking av tidtakarutstyr, nedtaking av skilt m.m. som blir jobbane som vi i Sandane Sykkelklubb skal utføre sjølve. Til dette treng vi sjølvsagt ein god del folk. Vi har liste over dei som var med og gjorde ein svært god jobb i fjor. Vi kjem til å kontakte dei fleste av desse også i år.

 

NB! For å få best mogeleg oversyn over kven av dei aktive syklistane som ikkje vil sykle Nordfjordrittet, så vil vi med dette setje eit viktig krav:

Dei som vil sykle må melde seg på via nettida seinast søndag 16.mars. Etter den tid set vi opp funksjonærlister. Vi vil oppmode flest mogeleg til å melde seg på, det gjeld sjølvsagt også damer! Dei som ikkje er påmelde når vi kjem fram til måndag 17.mars reknar vi altså med kan vere disponible i arrangørstaben.

 

Rittleiaren

 

 

06.03.2014

Minnar om årsmøtet fyrstkomande sundag på Gloppebua kl 18:00.

Etter årsmøtet vert det servert pizza og litt kaker.

Vel møtt!

 

26.02.2014

Treningsturar herrar 2014

Planen for treningar/ritt for herrane finn de på menyen til venstre Treningsturar herrar

 

23.02.2013

Årsmøtet 2013

Årsmelding 2013 Eidsfossen Sykkel

Innstilling frå valnemd til årsmøtet

Saker til årsmøtet:Medlemskontingent 2014

Rekneskap2013Ta kontakt på post"eidsfossensykkel.no

 

19.02.2014

Årsmøte

Her er link til innstillinga frå valnemda til Sandane Sykkelklubb i samband med sak val på årsmøtet 9.mars. Årsmelding blir og lagt ut her.

 

11.02.2014

Sponsorar

Vi har fått inn to nye sponsorar til klubben! Dette er Best Sandane og Frydenbø Bilsenter S&F, Sandane

Dette er vi svært glade for og vi gledar oss til samarbeidet med desse!

Desse vil få plass på dei nye draktene ilag med G-Sport Sandane.

 

10.02.2014

Drakter

Styret går inn for at oppmøte på fellestreningar i 2014 kan verte premiert med den nye sykkeldrakta til Sandane Sykkelklubb.

Vilkåra for å få eit draktsett(kort trøye og kort bukse) er følgande:

Herrar:

  • 20 oppmøte kvalifiserar til trøye
  • 30 oppmøte kvalifiserar til kort bukse

Vi har i overkant av 60 treningar i laupet av sesongen(3 treningar i veka)

Damer:

  • Samme antal oppmøte prosentvis for antall treningar som det er lagt opp til i 2014

Barn/ungdom

  • Klubben skal vere med å sponse draktsett

 

Klubben vil forskottere eitt draktsett til medlemmene no i vår. Så vil det verte eit økonomisk oppgjer på slutten av sesongen der ein tel opp oppmøte pr.medlem.

Medlemmene skal sjølv bestille seg sykkelkledning gjennom trimtex.no og betale individuelt,men at ein slepp å betale for draktsettet i fyrste omgang. Dette blir lagt inn i bestillingssytemet.

 

10.02.2014

Årsmøte

Det er årsmøte i Eidsfossen Sykkel(no Sandane Sykkelklubb) sundag 9.mars 2014 kl 18:00 i Gloppebua. Årsmelding m/rekneskap blir lagt ut på nettsida når den er klar.

 

 

04.02.2014

Ny nettside

Vi er snart klar med den nye nettsida til Sandane Sykkelklubb. Adressa til denne blir www.sandanesk.no. Vi jobber no med innhaldet og designet av sida. Vi kjem tilbake med lanseringsdato for denne. www.eidsfossensykkel.no blir liggande ut dette året. Mykje av eksisterande innhald blir flytta over til den nye nettsida, slik at historikken blir liggande på ein plass.

 

 

 

04.02.2014

Drakter

Vi har som kjent jobba med å designa nye sykkeldrakter til klubben etter at vi skifta klubbnamn. Leverandøren no er trimtex.no. Det har vore ein stor jobb med designe ei drakt som skal vere godt synleg i trafikken,tiltalande og som skal skilje oss ut frå andre sykkeldrakter. Vi har vore gjennom svært mange design og fargekombinasjonar. No har vi landa på eit design som vi håpar at folk likar. Vi får tilsendt ein fargeprøve på grønfargen for å sikre oss at denne er den vi vil ha. Merk at grønfargen på draktene under er ikkje akkurat slik det vil sjå ut.

Vegen vidare er at medlemmene skal få prøve ut størrelsar på kolleksjonen. Så gjer vi klart til bestilling. Dette skjer ved at kvar enkelt bestiller gjennom ein web-portal til trimtex. Denne er typisk ope eit par veker. Då er det viktig at folk gjer seg ferdig med å bestille då. Meir info om dette kjem etter kvart. 

Draktene i pdf-format

16.01.2014

Terminliste 2014

NCF Region Vest hadde terminlistemøte no i januar. Det er utarbeidd ei terminliste som de finn her NCF Region Vest

 

 

 

16.01.2014

Lisens

Det er snart ny sykkelsesong og bestilling av lisens. Les info frå forbundet under.

 

Norges Cykleforbund vil effektivisere og forenkle rutinene ved lisesregistrering og påmelding til kurs og arrangement. Vi har derfor i samarbeid med EQ Timing utviklet et påmeldings- og betalingssystem for lisensregistreringen der hver utøver som tidligere utfører hele operasjonen gjennom en ny web basert løsning med integrert betalingsløsning.

 

Det er viktig at alle som skal løse lisens har betalt alle medlems- og treningsavgifter til sin klubb før registrering. Klubbens lisensansvarlig skal som tidligere godkjenne registreringen. Det sendes en egen informasjon om ny forenklet godkjenningsrutine til alle lisensansvarlige. Ved eventuell overgang til ny klubb vil det i lisensregistreringen komme et "pop up" vindu som erstatter tidligere overgangsskjema.

 

Lisens er obligatorisk for å delta i alle typer ritt. Den inneholder bl.a. en ulykkesforsikring for ulykker under all utøvelse av sykkelsport (også sykling til/fra arbeid) samt ulykker på reise til og fra sykkelritt. Se lisensvilkår her.

 

Det er ikke bare penger å spare på helårslisens, men den gir bedre dekningen og behandlingstilbud når ulykken er ute. NCF har registrert en nedgang i antall ulykker for utøvere med helårslisens sammenlignet med utøvere som benytter engangslisenser. Ved å gå inn i en sykkelklubb vil man kunne ta del i klubbens tilbud med fellestrening og samhold og gjennom dette bli en dyktigere og sikrere syklist. Prosedyren for lisensregistrering er som følger:

1.  Utøver registrerer sin lisens på denne siden. Det er viktig at man oppgir korrekt fødselsdato, kjønn og lisenstype.  Hvis lisensen skal betales av en annen enn utøveren selv kan man oppgi alternativ fakturamottaker ved registrering, eller man motta fakturaen selv og videresende den.

2.  Faktura vil bli tilsendt til oppgitt epostadresse umiddelbart etter registrering.  Sjekk også søppelpost mappen dersom fakturaen ikke mottas.

3.  Som lisensansvarlig vil du motta en epost hver dag når det finnes registrerte lisenser til godkjenning.  Eposten vil inneholde en hurtiglenke til godkjenningssiden.

4.  Når lisensen er betalt, og godkjent av klubben vil utøveren motta en epost som bekrefter at lisensen er godkjent.

5.  Ved klubbovergang må lisensen i tillegg godkjennes av lisensansvarlig i utøverens gamle klubb.  Når lisensansvarlig i begge klubbene har godkjent lisensen er overgangen godkjent.